søndag 6. august 2023

Fyrste steg mot mini (eller maksi?)

 

Nyinnkjøpt brakke skal brukast som anneks, og er på plass i hagen

Så har me endeleg tatt steget mot noko som kan minne om mini. Etter ein del leiting på finn.no fekk me tak i ei rimeleg (41.000,- inkl. mva) og bra kontorbrakke som skal brukast som anneks og hobbyrom. Dermed blei dette ei mykje betre løysing enn å engasjere byggelevar på ein vidaregåande, som ville ha tatt mykje lenger tid og anslått å kosta over 100.000,- berre i material. 
Den nyinnkjøpte brakka er godt isolert og har alt som skal til for å fungere til sitt bruk. Elektrisitet, taklys, utvendige stikk og panelovnar er på plass. Så snart det er installert ei ytterdør, vidare engasjert ein elektrikar til å setje opp ein ny kurs og kabel fram til annekset, så er det klart til bruk.
Brakka, som er laga med stålramme, blei levert og satt på plass av leverandøren med kranbil. Det gjekk veldig raskt og greitt. På førehand hadde me gjort grunnen klar med fiberduk, laga eit fundament av pukk og sand og snekra ei ramme. Me fekk råd frå blant andre leverandør og ei trelastforretning til fundamentet og ramma. Ukyndige som me var, brukte me lang tid, men var til slutt ganske stolte av snekringa av ramma. Leverandøren leverte elles med nokre store gummiklossar til å ha mellom sand/fundament og ramme.
Innvendig har brakka to kontorrom, og ein gang i midten. Den er tenkt å brukast til eit musikkstudio, med instrument og diverse i eine rommet. I det andre rommet blir det tv og surroundanlegg, til film og spel. Med andre ord; alt som lagar mykje lyd skal over dit. I tillegg ligg det an til å drive med kontorarbeid og skriving i musikkrommet.
Annekset vil bli malt kvitt, som huset og garasjen. Det kan bli aktuelt å slå ut eine innerveggen, slik at det eine rommet blir større. Gangen i midten er det jo ikkje så mykje bruk for. På den andre sida er kanskje gangen stor nok som skriverom. Det kan opne for at fleire kan bruke annekset samstundes i kvar sine rom.

Brakka blei enkelt og greitt heist på plass med kranbil av leverandøren, på eigenlaga fundament og ramme.

Eit nytt "hus" fører med seg mykje grubling. Ting kostar gjerne meir og går alltid seinare enn forventa, særleg når me er amatørar i byggverda. Transport av anneks var ikkje så gale: 5.000,-. Pukk og sand kosta 1000,-. Material til ramma, inkludert skruar og vinkeljern kr. 3.700,- 

Så var det å gruble: Kva dimensjon måtte det bli på ramma, korleis transportere, korleis setje den saman? Kva type sand skulle me bruke til fundamentet? Me blei usikre på om den me kjøpte blei for fin, og at den kom til å bli vaska vekk i styrtregn og ekstremvær av type "Hans", som kom like etter at brakka var på plass (til nå har det gått bra). Den trong ei ny dør. Me leita etter billeg og brukt på finn.no. Men måla på opningen var litt uvanleg. Me fann til slutt ei brukt, men ganske ny, solid og tung ytterdør i Oslo, type Br. Johansson som ikkje var alt for billeg (3.250,- inkl. lås og slikt), men som såg ut til å passe. Og så må me sikre at me ikkje gjer noko feil, men monterer den på rett måte. Kjøpe lister, finne rette type skruar og slikt. Nye rundar med sjekking på internett, stille spørsmål, få råd og gå til nye innkjøp.

Når èin ting er på plass, dukkar det straks opp nye idear... og bekymringar. Ein liten vedovn hadde vore kjekt. Men for å få plass til den, bør me i alle fall slå ut minst èin innervegg. Og så bør me vel i tilfelle sjekke regelverk og tryggleik i forhold til ny eldstad. Kva med ein platting på framsida? Kva med eit skråtak over for å verne fasaden mot regn? Og dersom det blir gjort, kva med å lage ein vedsjå i forlenginga av skråtaket, på baksida?

Dette er altså eit steg mot å gå mini. Men eigentleg er det motsatt. Det er jo eit ekstra hus, ein auke som inneber meir i fyringsutgifter, meir å passe på, fleire eventuelle bekymringar og ikkje ei minimalisering og forenkling. På den andre sida er det ganske overkomeleg å flytte denne brakka ein gong og la den bli ein del av eit minihus. Eventuelt gir prosjektet verdifull erfaring fram mot eit minitilvære.



onsdag 19. juli 2023

Eitt års erfaring med solcellepanel

 


Skriv i Lektrisk om korleis det har gått med solcellepanela etter eitt år. Slike panel burde med denne erfaringa ha endå større verknad i eit minihus.

https://lektrisk.blogspot.com/2023/07/solerfaring.html

fredag 21. oktober 2022

Solcellepanel

 

Med tanke på solcellepanel i framtidig minihus: Sommaren 2022 blei det installert solcellepanel på huset me bur i akkurat nå. Dette er erfaringane så langt, beskrive i bloggen Lektrisk.

https://lektrisk.blogspot.com/2022/08/med-solkraft-pa-tanken.html



onsdag 26. januar 2022

Utkast til anneks

 


26.1.22

Redigert 30.8.22

Byrjar litt i det små. Har teikna utkast til eit anneks i hagen, eit hobbyrom til å utfalde seg med musikk, skriving og film (surround), altså aktivitetar som gir frå seg mykje lyd, men som ikkje forstyrrer resten av familien i huset (og forhåpentlegvis ikkje naboar). I tillegg ei lita badstove, og ein liten vedomn i hovudrommet. Anna oppvarming/frostvakt: Golvvarme eller varmepumpe?

Har ein nokonlunde avtale med ein yrkesskule om bygging, men må då godta at det kan ta lang tid. Antyda materialkostnad på omlag 30.000,- (men i seinare tid ser det ut til at kostnad går kraftig opp. Sjå nedst i artikkelen). I tillegg vil det kome kostnad med transport, elektrisitet og evt. anna. Tenkjer å finne brukte vindauge og dører. Utvendige mål 6,20 x 2,20. Innvendig: Badstove omlag 1,5 x 2, hovudrom 4,5 x 2. Det kan hende at hovudrommet blir for lite og kanskje bør aukast til 8 meter lengde? Har ikkje finrekna på storleiken til møblane og utstyret som eg vil ha inn.

Kanskje det seinare blir mogleg å flytte eit slikt anneks og koble det til eit litt større minihusprosjekt. Tanken er i tilfelle å ha to slike hobbyrom i tillegg til ein bustadmodul, muligens satt saman som ein hestesko.

30.8.22:

I seinare tid: Det kan ta opptil to år med eit slikt prosjekt. Og materialkostnadene har skote i veret. Det blir antyda så mykje som 150.000,-. I tilfelle er enkelte ferdighus rimelegare.



søndag 16. januar 2022

Tomt tilgjengeleg


 Her er ei tomt i Sør-Odal som er tilgjengeleg for oss. Kan bli aktuell om nokre år. Men må blant anna sjå an kva trasè som skal veljast for motorveg mot Kongsvinger, og evt. andre forhold.

tirsdag 5. oktober 2021

Oversikt minihus, tekniske løysingar og inspirasjon

Fyrste gong publisert 5.10.21

Oppdatert 15.1.22, 26.1.22, 30.8.22, 3.9.22, 4.9.22, 26.9.22, 21.10.22, 2.2.23, 16.4.23, 3.6.23, 19.7.23

Prisar og info kan vere utdaterte

Bustad

-ArchiHus - https://archihus.no



Ferdighus og hytter. Minste hytte: Quinta 1: 54 m2. Eigne salskontor, bl.a. Jessheim, ingen prisinfo.



Bjørnfjellhytte - https://bjornfjellhytte.no



Blant anna hyttemodulen "Frida", 35 m2, 349.000,- Adresse Sandnes. Ikkje etternamn kontaktperson. Onsakervika Camping - https://topcamp.no/nb/onsakervika Har nokre Bjørnfjellhytter på campingplassen

Kanskje



-Bomodul - https://bomodul.no




Modulhus, minihus, containerhus. Standardstorleikar 20 og 40 fot. Alle bileta på nettsida er datamanipulerte, men seinare lagt ut bilete av byggeprosjekt på FB, https://m.facebook.com/bomodul/ Viser bl.a. til bileteksempel "Rauma", 5,85 x 2,25 m (13,16 m2), kr. 279.000,- inkl. mva. Besøksadresse Nyborg, hovudkontor Bergen.

Kanskje/interessant





-Doffen Modulhus - https://doffenmh.no



Prefabrikert, modul, container, "PT-House", mikrohus, eigendesign, 3d-illustrasjon på nettsida. Bl.a. Smart X1 kr. 442.750,-ekskl. moms, 29 m2, 1 soverom. Lovar oppsett på 8 timar. H1 29 m2, skråtak. Elles ingen prisinfo. Må be om tilbod. Produsent Doffen Group, Manstad, montering Fredrikstad.

Interessant



-Enkelrum - https://enkelrum.se/no/



Diverse minihus, anneks i tre. Har annonser på Finn. Sverige, nettside og agentur i Noreg. Eks. Minibolig E38, Tek17, komplett SEK 939.750,-

Kanskje/interessant



-Fasec - https://fasec.no



Minihus. Mikro 19,5 m2: Frå kr. 800.000,-, levert nøkkelferdig, Mini 31 m2 frå kr. 1.000.000,- Mini pluss 42 m2 frå kr. 1.200.000,- to siste produsert frå fabrikk, montert på eigedom. Produksjon på Aurskog, patentert saman med Selvaag Gruppen.



-Fleksihus - https://www.fleksihus.no

Skriv på nettsida at dei er del av "Fair Deal Gruppen" (som på si nettside skriv at dei framforhandlar kjøpsavtalar spesielt frå Kina, India, Sri Lanka, Sør Afrika og Baltikum). Ingen prisinfo på nettsida, men må be om pris frå Fleksihus. Dei skriv at dei hjelper i heile prosessen med å prosjektere, designe, tilpasse og setje opp hus. Adresse Grimstad. Litt meir prisinfo på https://www.facebook.com/Fleksihuset

Kanskje interessant





-Inhytte - https://inhytte.com

Inhytte Family 55 m2 frå Euro 125.500,-

Inhytte Twins 29 m2 frå Euro 72500,-

Nettstad på engelsk. Postadresser i Litauen, Jessen, Tyskland og Sørumsand.




-Midt-Norsk Minihushttps://www.facebook.com/midtnorskminihus/ Har lagt ut nokre skisser her: https://www.facebook.com/groups/1530900930509131/media - Kanskje

-Minihus - https://minihus.net - "Alt du må vite om minihus i Norge!" - Dreier seg stort sett om hus på hjul.

-Modulbygg gruppen - https://modulgruppen.no

Småhus og bumodular, næringsbygg, modular i større kompleks... Forskjellige alternativ. Uavhengig leverandør, samarbeid med produsentar og leverandørar frå Baltikum og Polen. Ikkje informasjon om pris.

Kanskje







-Nature Compact Living - https://naturecompactliving.no

Snøhetta design. Blant anna NCL 30 Hytte. Anneks, badstover. Norsk selskap frå Larvik. Ingen prisinfo.



Nordic Module - https://www.facebook.com/NordicModul/



Trondheim. Facebook-side. Lenke til nettside er inaktiv. Container-hyblar. Ifølgje lenke til artikkel, kr. 350.000,- for 26 m2.





-Nordic Smart House https://www.nordicsmarthouse.no

Bustadmodular i stål. Blant anna 2-roms frå 25 m2. Ingen prisinfo. Datterselskap av Orient Holding. Hovudkontor i Bodø, kontor i Fredrikstad, Litauen og Kina.

Kanskje


-Nordlysthus - https://nordlysthus.no


Tilbyr blant anna modellen "Isolert anneks Skarnes" (på biletet), som er modellert akkurat slik me tenkjer oss, som ein hestesko. Til saman 51 kvm og isolert, kr. 406.580,- (men er det inkludert mva? Det står ikkje framme på nettsida). Blir levert som byggesett, og ifølgje nettstaden kan det setjast opp på to til tre dagar av to personar (det er kanskje å ta litt i?) Presentert som anneks eller fritidshytte, ikkje heilårsbustad. Og bygningen er vel då neppe tilrettelagt for krav i TEK17? På nettsida står det "om oss", at "servicegaranti" består av "4 kjerneverdier", men ingen namn og ingen faktainformasjon om selskapet. Oppgir adresse i Nesttun utanfor Bergen.

Muligens interessant

-Norske Microhus - Mob Service - https://norskemicrohus.no



Blant anna 30 m2. Nøkkelferdige, modulære og prefabrikkerte hus. Ingen prisinfo. Kontaktinformasjon (men ikkje oppgitt etternamn på kontaktpersonar/leiarar).

Kanskje


-Norske Mikrohus - https://norskemikrohus.no Minihus på hjul. F.eks. Tind kr. 910.000,-

-Portabo - https://portabo.no modulhus, blant anna Homm og Iglucraft. Homm Loft: 23,7 m2 + 5,5 m2 hems, 21 m2 utvendig areal. Står at det kan nyttast som fullverdig bustad for 1-2 personar + inntil 4 overnattingsgjester. Homm Family: innvendig 47,08 m2. Tlf.nr., epost, postadresse Borgen, visningsrom Oslo, ingen prisinfo - Reklamerer på Facebook, gruppa Minihus i Norge med blant anna denne, til nestan 2 millionar: https://www.facebook.com/groups/1530900930509131/permalink/3066030986996110 kanskje

-Rcontainer - https://rcontainer.no Leverandør av bustadmodular, modulvogner og containarar Lørenskog/Oppaker.

-SmåBo - https://smabo.no


Design og utvikling av modulbaserte småbustader, hus og hytte. Bl.a. Småfjord 50: 3-roms, 50 m2, fritids eller fullverdig heilårsbustad, TEK17, vannbåren varme. Adresse Nyborg. Kun dataanimerte bilete. Ingen prisinfo. Men har lagt ut bl.a. SmåFjord 37: Byggesettpris 523.000,-, oppsatt bygg frå kr. 713.000,-, nøkkelferdig frå kr. 1.281.000,- https://www.smabo.no/wp/wdk-listing/smafjord-37/

Interessant


-Tiny houses - https://itinyhouses.com Planteikningar til mikrohus

-Uniteam - https://uniteam.com Leverandør av containarar, tekniske container-rom. Oslo.

-Urbanhus - https://urbanhus.no Ferdighus, funkis, U-1060, BRA 109,4 m2.


Aktuelle Facebook-grupper

-DIY Batteryhttps://www.facebook.com/groups/DIYBATTERY

-Minihus Fellesskaphttps://www.facebook.com/groups/251661025251681

-Minihus Norgehttps://www.facebook.com/groups/minihus

-Minihus i Norgehttps://www.facebook.com/groups/1530900930509131

-Solceller og Alternativ Energihttps://www.facebook.com/groups/665692520245652


Aktuelle Youtube-kanalar

AlternativeHouse - https://www.youtube.com/c/AlternativeHouses

-Kirsten Dirksen - https://www.youtube.com/user/kirstendirksen

-Living big in a tiny househttps://www.youtube.com/c/livingbig


Ekstrainntekt

https://www.vg.no/dinepenger/i/eExwV4/jan-har-tjent-50-000-uten-saerlig-innsats


Søknadar, byråkrati

-Bygge bolig - https://byggebolig.no Møteplass for alle aktørar innan bustadbygging

-Byggforsk - "Byggforskserien viser kravene som gjelder for solcelleanlegg på bygninger" - https://www.byggforsk.no/nyheter/2/byggforskserien_viser_kravene_som_gjelder_for_solcelleanlegg_paa_bygninger/1628

-eByggesøk - https://ebyggesok.no Vegleiing i byggesøknader

-Nes kommune - "Hvilke solenergianlegg er unntatt søknadsplikt..." https://www.nes.kommune.no/siteassets/25-skjema/26.solenergianlegg-mars2018.pdf 

-Sør-Odal kommune - "Bygge rive eller endre" - https://www.sor-odal.kommune.no/bygge-rive-eller-endre/


Solcellepanel, vind, vatn...

-Euronews Green - "Is this the safest, most powerful wind turbine in the world?" https://www.euronews.com/green/2021/04/06/could-this-be-the-safest-most-powerful-wind-turbine-in-the-world

-Farco - https://farco.no Solceller, batteri, oppvarming...

-Getek Energy - https://getek.no Solcelle og vindmølle

-Grafen.Media - "Dette kraftverket kan produsere 131.400 kWh i året og kan monterast på ei veke" -  https://grafen.media/2020/01/12/dette-kraftverket-kan-produsere-131-400-kwh-i-aret-og-kan-monterast-pa-ei-veke/

-Gramila.no - Installer solcelle selvhttp://gramila.no/Solceller.html - oppskrift og beskriving av import og sjølvmontering av solcellepanel. Blant anna tårn som snur panela etter sola.

-Martom - https://martom.no Belysning, solcelle

-Min energihttps://www.minenergi.no/ "Din guide til smarte energiløsninger"

-mipv.pro - https://mipv.pro Bøyelege soldcellepanel, div. utstyr

-Nordengen - https://nordengen.no Har levert til Vilberg ungdomsskole

-Otovo - https://otovo.no

-Smartflower https://smartflower.com Frittståande solcellepanel, brettar seg ut (som ein "smart blom") og snur seg etter sola

-Solceller.nohttps://solceller.no Nettside som skal formidle tilbod frå fleire leverandørar (men det fungerte dårleg då eg prøvde dette, og ga få tilbod).

-Solorkan - https://solorkan.no Solcellepanel, solcelletakstein, solarcarport, solarterasse...

-Solkraftverket - https://solkraftverket.no "Heliomotion", frittståande anlegg som beveger seg automatisk etter sola

-Sparelyshttps://www.sparelys.no Vassgenerator, solcelle, batteri, div....

-Suntrack Nordichttps://www.suntracknordic.com/ Solfølgartårn, vindkraftanlegg...

-Sunwind - https://sunwind.no Diverse til hytte, solcellepanel

-Tekniske nyheter - "Kan klare seg uten strøm fra strømnettet i et halvt år". Artikkel om solcelle og spesiell vindmølle, prosjekt på Hvaler. https://tekniskenyheter.no/artikler/aktuelt/kan-klare-seg-uten-strom-fra-stromnettet-i-et-halvt-ar-2

-Tradewinds solar - https://tradewindsolar.no

-Vannhandel https://www.vannhandel.no/vh/ Div. vindmøller, store, blant anna vertikalaksla, Ecorote 300, batteri, solcelle...

-Voluto - https://voluto.no Spesiell type vindmølle, vertikalt, batterilagring m.m.

-VVS-Aktuelt - "Verdenspatent på nytt solcellepanel" - https://www.vvsaktuelt.no/verdenspatent-pa-nytt-solpanel-122756/nyhet.html


Oppvarming/varmesparing

-Arne Bergli AS - https://arnebergli.no - "Landsdekkende leverandør/grossist innen varme - VVS og VA". Vedkjele, vedovn og peisovn med varmekappe, solfangar, vassboren varme... 

-Fang sol - https://fangsol.no Solfangar, solpanel, varmepumper, kombinasjon solfangar og solcelle...

-Hargassner - https://hargassner.no Vedkjeler

-Heatsnagger - https://heatsnagger.com Varmeattvinning dusj, varmtvatn

-Jem & Fix - "Luftsolfanger - 12W" https://www.jemogfix.no/luftsolfanger-12w/7131/9049083/ - kr. 1.799,-

-Selmac - https://selmac.se Vedkomfyr, svensk

-Solfanger.nohttp://solfanger.no/ - solfangar (platesolfangar, rørsolfangar), diverse oppvarming...

-Tibber - "Varmestyring" - https://tibber.com/no/store/varmestyring

-Varmeshophttps://varmeshop.no Bergvarme, fyrkjele, luft/vatn-varmepumpe, vedomn med vasskappe, solfangarsystem... Kan foreslå løysing tilpassa huset.

-Wee.nohttps://www.wee.no/ - Diverse maskinar, solfangarar, solcellepanel...


Batteri

-Alternativ Energi - https://alternativenergi.no Batteri, solcelle

-Batterionline - https://batterionline.no Sal av litiumbatteri

-Chainpro Energy - https://chainpro.no Batteripakkar til hus, hytter, mobile pakkar, solenergi. Eksempel: 40 kWh kr. 199.000,-

-Eaton - https://eaton.com Batterilagringssystem m.m.

-EcoStorhttps://www.eco-stor.com/ Norsk selskap som satsar på gjenbruk av elbilbatteri til energilagring i hus. Ser ikkje ut på nettsida til at dei har kome i gang med sal ennå (per 21.10.22). Men på elbil.no står det at eit anlegg med 15-20 kWt vil koste 85.000,- ferdig montert.

-Grønvolds Bildemontering - "Batteripakke elbil" - https://gbd.no/utvalgte-deler/batteripakke-elbil/ Mange batteripakkar frå Nissan Leaf, 40, 30, 24 kWh. Pris på forespørsel.

-Jag35 - Jehu Garcia - https://jag35.com DIY, om å lage eigne batteribankar av brukte battericeller

-Nordic Lithiumhttps://www.nordiclithium.no/produkter-og-priser/p/sok-12v-206ah-lifepo4-batteri-m-bluetooth-og-varmeelementer-92k9h-6zp6h - 48 volts batteripakke på 5,1 kWh til omlag kr. 24.000,- (pris juli 2023. Tibber tilbyr til samanlikning batteripakken Homevolt på 6,5 kWh til litt under 90.000,-). Har vern mot over og underlading, overspenning og kortslutning, innebygd BMS og fungerer med solceller, blant anna invertarar som Victron, Deye og Growatt. Kan setjast i rack saman med fleire batteripakkar.

-Pro Solarhttps://www.prosolar.no/vare-tjenester/ Seier i eit facebook-innlegg at dei formidlar batteri på opptil 35 kWt tilpassa Growatt solcelleinverter. Men batteriet er ikkje å finne på nettsida.

-Schive - https://www.schive.no Har eigne forhandlarar. Ingen info om pris, ser ingen info om batterikapasitet.

-Sifted - "Meet the startup building a sustainable alternative to Tesla's Powerwall" https://sifted.eu/articles/voltstorage-tesla-powerwall-alternative/ - Amerikansk selskap som brukar heile batteripakkar frå gamle Nissan Leaf stabla og seriekobla i kontainarar.


Termoelektrisitet

-BioLite - https://global.bioliteenergy.com Home Stove

-Tegmart - http://tegmart.com Termoelektriske generatorar til bl.a. vedovnar

-Teknisk Ukeblad - "Løser nytt energiproblem med 200 år gammel stirling-teknikk" https://www.tu.no/artikler/loser-nytt-energiproblem-med-200-ar-gammel-stirling-teknikk/432924

-Termoelektrisitet - http://termoelektrisitet.no

-ØkoFen - "MyEnergy365 - "pellets, solar and stirling engine generator" - https://www.oekofen.com/en-gb/myenergy365/


Renseanlegg

-Eco solutions - https://eco-solutions.no Minirenseanlegg avløp

-Hyttetorget - https://hyttetorget.no Gråvannsrenseanlegg og diverse til hytter


Elbil

Wallbox - https://wallbox.no Wallbox Quasar, tovegs ladeteknologi via chademo (kr. 61.879,-........)


Inspirasjon

AppleTV: Home - https://tv.apple.com/no/show/home/umc.cmc.5xjrgoblr5l5i1ypamtayuhe9

VG - «De lever utenfor strømnettet»: https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/66JRPr/de-lever-utenfor-stroemnettet

-Action for Ocean - https://actionforocean.com Om å bygge lite

-Cultura Bank - "Drømmehus på 35 kvadratmeter" https://www.cultura.no/arkiv/pengevirke/drommehus-pa-35-kvadratmeter

-Hackaday - "Juice-spewing wind turbine..." https://hackaday.com/blog/?s=juice-spewing+wind+turbine Korleis lage vindturbin av sykkelhjul m.m.

Konglene - https://konglene-rollag.no Prosjekt, bufellesskap i minihus, Rollag

-Liv laga! - https://okologisklofoten.blogspot.com Blogg om å leve offgrid.

-Min Mote - "Ida droppet leilighet..." https://www.minmote.no/interioer/a/dlqpvX/ida-droppet-leilighet-elsker-livet-i-mikrohus

-Nilsson energy - https://nilssonenergy.com Svensk blogg. Diverse system for energilagring

-No Grid Survival Projectshttps://nogridsurvivalprojects.com/ Amerikansk ("prepper"?) nettstad, video og promotering av bok med beskriving av ulike prosjekt for å overleve utanfor "nettet"

-SINTEFblogg - "Fornybar energi i nabolag: Bør både produseres og brukes lokalt" - https://blogg.sintef.no/sintefenergy-nb/lokalprodusert-fornybar-energi/ - om Campus Evenstad i Innlandet, der nullutsleppssteknologi blir testa ut.

-Teknisk Ukeblad - https://tu.no Blant anna: "Lager energihus av 60-tallsvilla" https://www.tu.no/artikler/lager-energihus-av-60-tallsvilla-tiltak-1-trykkfast-isolasjon-br/485263

-Travel + Leisure - "Ikea is now selling Tiny Homes" https://www.travelandleisure.com/culture-design/ikea-tiny-home-project-escape-vista-boho-xl


Arkitekt

Stav Arkitekter - Stavanger, m. bl.a. Turi Rudningen Galta (frå Symesterskapet): https://stavark.no


Hytte/fritid

-Badstuproff - https://badstuproff.no Pods, tønne, div.

-Finansavisen - "Spektakulær hyttebygging i havgapet" - https://finansavisen.no/agenda/7597035/spektakulaer-hyttebygging-i-havgapet

-Gardia - https://gardia.com Anneks

-Gressvik Utemiljø - https://gressvikutemiljo.no Pods

-Helgelandshytta - https://helgelandshytta.no

-Klikk.no/hytteliv - "Ring hytta varm:...har aldri vært enklere" https://www.klikk.no/bolig/hytteliv/ring-hytta-varm-sms-4g-stromlost-styringsenhet-6968481

-Iglucraft - https://iglucraft.com Iglohytte, utanlandsk

-Meyers urbane mikrohus - Urbane Mikrohus På hjul

-Nordlysthus - https://nordlysthus.no Pods

-Novasol - https://novasol.no Utleigeformidling av hytter

-Smart Cabins -  https://smartcabins.no

-Treboden - https://treboden.no Bygg sjølv, teikning, minihytte

-Utsynhytte - https://utsynhytte.no - Blant anna "Sauna liten", med spegelvindauge som hindrar innsyn, kr. 239.000,-

-Vagabond Haven https://vagabondhaven.com svensk, avrunda, tre, på hjul, norsk kontor

-ØkoTec - https://okotec.no Hytter


Diverse

-Gjør det selv - https://gjoerdetselv.com

-Powermaxx - https://powermaxx.no Små varmtvannsberedarar

-Vi i villa: "Snekkerens beste badstutips" - https://viivilla.no/baderom/badstue/snekkerens-beste-badstutips/

-XL-bygg "Lydisolasjon"https://www.xl-bygg.no/article/lydisolasjon?gclid=EAIaIQobChMItKb8xofr9QIVO5BoCR0RmwIIEAAYASAAEgJbxfD_BwE

-No grid survival projectshttps://nogridsurvivalprojects.com/book-eu/?fbclid=IwAR2cda9hlV9M0MrcrOjGUH8wCrbgMObA8nG7LOJSIT1WCdg1_kLWCRcLV-c . Bok.


Friluftsliv

-EcoFlow - mobilt batteri og mobilt, samanleggbart solcellepanel

Sparelys: Stort utval - https://www.sparelys.no/butikk/batteri-og-tilbehor/power-station/ecoflow

EcoFlow River Max, 576Wh: kr. 6.995,- River Mini 210 Wh, kr. 3.200,- 

EcoFlow Delta Mini 1400, 882 Wh, kr. 10.699,-

EcoFlow Delta 2, 1024 Wh, kr. 12.999,-

ProVolt - Ganske stort utval - https://provolt.no/kampanjer/ecoflow?fbclid=IwAR2zyMPVgj-Kh7l7MV-w2HXWts947WcaZVXFUmCHk4IdZVgTe5dekkogG10_aem_AZPPaNCuIt7IyMxa4lprEn14T-dulzHSOzNR0yBxp4s6bYQHsXBF-IfuXb7oX52Jfq5vRWJ4vvB1tULradUORJrgnpS8p2x7A6vO3fp_XxtPpTVIGRVZOXCHxEZZAwgXn5c

EcoFlow River mini, 210 Wh - kr. 3.200,- 

EcoFlow Delta, 1260 Wh, kr. 14.500,-

ClasOhlson - lite utval, berre èin modell - https://www.clasohlson.com/no/Batteridrevet%2C-b%C3%A6rbar-str%C3%B8mforsyning-EcoFlow-Delta-1300-utend%C3%B8rs-innend%C3%B8rs/p/Pr368655000

EcoFlow Delta 1300, 1260 Wh, kr. 14.498,- 

(prisar per 26.09.2022)

-Zendure - mobile batteri og solcellepanel

-FocusNordichttps://www.focusnordic.no/produkter/batterier-og-stromforsyning/baerbare-stromstasjoner/

-Fishking - https://fishking.no Isfisketelt

-Solar Brotherhttps://solarbrother.com Soloppvarming av mat

-Waterlily - https://shop.waterlilyturbine.com Liten, transportabel "vannturbin"

-Green Energy Scandinavia - Dansk, Youtube: "Solceller for kjøretøy: Hvordan velger du riktig teknologi?" https://www.youtube.com/watch?v=1v51rRd_wRo&t=246s


Mat

-Datsja - https://datsja.no Om dyrking i grønnsakshagar o.a. Blant anna: "Lage biokull av eget matavfall" - https://www.datsja.no/blogg/2021/4/9/lag-eget-biokull-fra-splebtta "Sirup fra kjøkkenhagen" - https://www.datsja.no/blogg/2020/12/21/eget-sukker-fra-kjkkenhagen Korleis dyrke og lage søtningstoff av sukkerroe

-Greendow - https://greendow.com/au Innandørs grønnsaksdyrking

-Plukk selv - https://plukkselv.no Diverse til matauk

-Urtekildenhttps://rolv.no - Nettstad og bok; "Medisinplanter i Norge"


lørdag 15. mai 2021

Mange planar, lite ull

 


Det går i periodar med mange idear, utan at noko festar seg så langt.

Kanskje selje hytta i Trautskogen og kjøpe eit anneks til å ha i hagen? Slik at lydaktivitetar som musikk og film via surround ikkje forstyrrer andre? Og så flytte annekset som del av eit minihus til ei anna tomt seinare?

Men til nå har me ikkje fått prisen me vil ha for hytta. Og trass alt er det kjekt å ha ho. Kanskje vil me få endå meir nytte av ho seinare. Ei stund fabulerte me om å flytte til hytta og oppgradere ho til heilårsbustad. Me var endåtil i dialog med Nord-Odal kommune om det var mogleg. Det kan bli utfordrande i forhold til regelverket. Og så sneik det seg etter kvart inn ein skepsis til kor realistisk det var. 

Det er mogleg å arve ei tomt på Galterud. Ideen nå er å selje hus og bygge noko lite der. Men ikkje før alle små er ute av redet, har me bestemt oss for. Og det blir tidlegast om sju år, i 2028. Me kom til slutt fram til at me ikkje vil rive alle opp frå hus, miljø og skule berre for å realisere oss vaksne. Dessutan må me sjå korleis E39 blir bygd ut. Èi av traseane går rett over området i Galterud.

Sommaren 2020 teikna eg eit utkast ved hjelp av eit program. Hovudtanken er å lage eit buareal forma som ein hestesko. Fellesarealet på tvers, og kvart vårt hobbyrom/gjesterom på sida. I midten ein vinterhage med glastak. Det er ikkje så lett å sjå hesteskoen på teikninga, for teikninga ser ikkje særleg mini ut. Men tanken er å omkranse buarealet med garasje, ei vedfyrt badstove, vedbod og andre boder som eit ekstra vern mot vind, kulde og solvarme. Utvendig kan det dermed sjå ganske stort ut, medan det isolerte buarealet vil vera lite og bestå av tre mindre modular. Nokon har jo laga huset sitt inni eit svært drivhus for å verne seg ekstra mot naturkreftene. Noko liknande tenkjer me (eg), berre at vernet består av eit ytre lag av kaldloft og boder. Me tenkjer altså rimelegast mogleg modular satt saman på ein isolert grunnmur. Me (eg) tenkjer vidare eit stort pulttak på toppen av alt, vendt mot sør og dekka med solcellepanel, for å utnytte mest mogleg av takarealet til solcelleproduksjon.

Ideen er elles å ha ein bustad som kostar minst mogleg i miljøavtrykk og driftskostnad ved hjelp av lite (oppvarma) areal, mykje isolasjon og teknologi. Kanskje få til eit opplegg med offgrid, viss mogleg. Me (eller kanskje i stor grad eg) tenkjer komposttoalett, attvinning av gråvatn, grunnvarme, solfangarar, vedomn med slynge, vassboren golvvarme, attvinning av varme, attvinning av varmtvatn, smart varmtvannsbehaldar... 

Så var det å klare å produsere straum på kalde, mørke vintrar når me treng det mest. Solcellepanel er nemnd. Men det gir jo lite på vinteren. Vindmølle, liten vannturbin i bekk, som sikkert heller ikkje vil produsere særleg på vinteren. Straum frå vedomn: Varme kan jo gi straum? Det finnes noko på marknaden, små boksar å legge på vedomnen, men teknologien er lite utvikla og gir lite utbytte. Kanskje ein smart varmtvannsbehaldar kan gje noko. Ein stad såg me at nokon vil satse på ein kombinasjon av solfangarar og solcellepanel som kan bli interessant. Heimebatteri, kanskje ved hjelp av utrangerte elbilbatteri kan hjelpe til å lagre straum. Men det rekk truleg ikkje så langt på vinteren. Me køyrer elbil. Så kanskje såkalla V2G, vehicle to grid? Elbilen ladar seg ein annan stad, ved kjøp eller avtale med naboar e.l., og gir til huset når det trengst? Teknologien finst, men i skrivande stund er det ingen slike bilar på marknaden. 

Men vil all teknologien bli så dyr at det eigentleg ikkje svarer seg? Og kva viss teknologien slår seg vrang? Kan det bli store kostnader med vedlikehald og reparasjonar? Ein del på lista med idear må me sikkert fjerne, avhengig av kva budsjettet vil tole. Ideen med offgrid blir sikkert krevjande. Målet er i alle fall å klare dette utan meir lån.

Men inntil vidare: Mange tankar og lite ull.





torsdag 13. september 2018

Tja. Heime? Eller på is?

Ei stund har me tenkt at det lettaste ser ut til å vere å ha eit mindre hus, eit anneks på eiga tomt. Kanskje leige ut hovudhuset. Å få tak i ei dedikert tomt til føremålet, i nærmiljøet, som me helst vil eige sjølv, har vore lite fruktbart.
Men kva type mindre hus? Container-hus? Modulhus? Mikro eller minihus på hjul?

Den rimelegaste varianten eg har sett til nå, er eit hus på hjul som ein kar på Sunnmøre sel. 32 kvm til 360.000,-, klar til å plugge i og med alt nødvendig inventar, til og med møblar. Eller den minste varianten på omlag 15 kvm til 160.000 kr.
Husa har tilhengarfeste, men er etter det forstår for breie og store til å fraktast ut på trafikert veg med bil. Så dei vil vel ikkje vere så veldig mobile. Men til å ha ståande på ei tomt burde gå bra.
Andre produsentar er gjerne oppe i 600-800.000 kroner.

Men. Å flytte ut i eit minihus er eit stort steg. Og litt kalde føter har spreidd seg her og der. Så me får sjå. Dersom me får råd, kanskje starte med å ha eit lite anneks i hagen til akkurat det føremålet, inntil vidare som eit anneks.

fredag 29. desember 2017

Møte om minilandsby

28.12.17

Eg sende ein ny epost til kommunen med spørsmål om området rundt den framtidige økolandsbyen. Men denne gong ser det ut til å drøye med å få svar.

Så kom det ei melding frå nokon som hadde sett notisa i lokalavisa. Og som tipsa ein som har litt planar om ein minihuslandsby på småbruket sitt. Og like etter kom ei melding frå den karen i midten av desember.
Me avtalte å møtast. Og møttest i romjula. Det er ein som har mange jarn i elden og mange gode idear. Han dyrkar økologiske frø og planter. Og vurderer å gi plass til 3-4 minihus på hjul langs skogravinen på småbruket. Nokre veker tidlegare møtte han nokon i Oslo som snart får eit slikt minihus og som leitar etter ein stad å sette den opp.
Me avtalte å halda kontakt og sjå kva erfaringar andre gjer.

mandag 4. desember 2017

Kanskje ei tomt

4. desember 2017

Me sendte ut nokre epostar og meldingar til grunneigarar. Men få har svart. Ein sendte "tommel ned".
Så fekk me kontakt med ein som har idear til eit liknande buprosjekt, ein økolandsby. Og som eig ein del jord. Såg han i avisa ein dag. Han ville møta og snakka. Så me møtte og snakka.
Me vil helst etablere oss litt utanfor prosjektet hans. Er litt sære der. Vil gjerne ha litt ro og avstand. Og me er veldig besnæra av ideen om "off-grid". Ikkje bu midt i eit bustadfelt. Så går det an å etablere minihuset i eit skogsfelt bortanfor? Det må me sjekke med kommunen igjen fyrst. Skogseigaren skal på si side tenkje litt på det.

Ganske positiv kommune

25. oktober 2017

Kommunen er faktisk ganske positiv. Å etablere eit minihus som er såkalla "off-grid", altså ikkje tilknytt offentleg regulerte bustadområde er lettast å gjennomføre i kommunen sine LNF-område (landbruk, natur, friluft) der det er tillate med spreidd bustadbygging. "Kommunen er ikkje negativ til nye løysingar. Nye løysingar er alltid interessante", skreiv dei. Det verka lovande.
Overraskande resulterte spørsmåla våre til at lokalavisa skreiv litt om oss. Me vart litt urolege over at lause idear brått var offentlege. Men, men...

Ideen er født

Ein gong i september 2017

Ideen blei født rundt frokostbordet ein morgon.
Kva med å kjøpe eit minihus? Eit lite containerhus eller modulhus for familie på to vaksne og eitt til to barn? Som kanskje òg kan vera "off-grid"? Altså få eigen straum ved hjelp av solceller og eventuelt andre energikjelder. Attvinne mest mogleg avfall. Bruke komposteringstoalett. Attvinne gråvatn.
Alt dette for å få vekk bustadlån, redusere bukostnader, bu enklare, rimelegare, ikkje vere så avhengig av full jobb, få meir tid til aktivitetar som ikkje gir sikre inntekter, som skriving, musikk og biletkunst. Få meir tid til familien. Få eit liv med mindre stress.

Ja, korleis kunne me fått til det?
Ideen var fyrst å bruke hytta. Men det slo me frå oss etterkvart. For mykje ombygging og byråkrati. Og vegen opp til hytta er lite høveleg til heilårsbruk, halde rein for snø osv.
Så heller å bygge opp frå grunnen?

Me byrja å sjekke internett. Mange spanande containerhus og modulhus. YouTube og finn.no. Nokre få aktørar finnest i Noreg òg. Hus på hjul ser òg fint ut. Men me har for tida orientert oss mest rundt modul, som òg er flyttbart. Det ser ut til at det er lettast å tilpasse Tek 17.

Ja, det hadde vore noko.

Fyrste steg mot mini (eller maksi?)

  Nyinnkjøpt brakke skal brukast som anneks, og er på plass i hagen Så har me endeleg tatt steget mot noko som kan minne om mini. Etter ein ...