tirsdag 24. juni 2025

Samtale med leverandørar og andre - sommaren 2025

 

Heising av kommunal minibustad i Noresund

Publisert 
-24.6.25: Møte med Fleksihus 
Oppdatert 
-25.6.25: Møte med Minihus Norge
-4.7.25: Møte med lokal entreprenør: GR Byggentreprenør, Skarnes
-12.7.25: Epostar til andre leverandørar
-16.7.25: Samtale med Fiskarhedenvillan
-16.11.25: Nytt prosjekt med smart møblering.
-25.7.26: Manglande oppfølging

24.6.25
Så fekk me hatt vår fyrste samtale med ein av minihusleverandørane; Fleksihus. Me drog til Noresund ein tysdags føremiddag, der dei leverte nokre kommunale bustader på omlag 40 kvm per stk.
Me fekk eit visst inntrykk av arealet i eit slikt minihus, og leiaren i selskapet tok seg tid til ein prat, mellom kranarbeidet. Fleksihus er godt etablert med leveransar til både kommunar og private. Særleg har dei levert mange såkalla "hardbustader", som blir levert til kommunar over store deler av landet, og skal brukast av kommunale klientar. 
Så forfjamsa vart me at me gløymde å ta særleg med bilete. Så me fekk berre tatt eit raskt eit på avstand då møtet var ferdig og siste modul blei heist på plass i Noresund.
Men Fleksihus har lagt ut ein del bilete sjølv frå arbeidet, på Facebook:


Oppdatert 13.9.26:Facebook legg dei elles ut oppdatering av alle levaransane sine. Blant anna denne privatbustaden: https://www.facebook.com/share/r/1CFHhwr3SY/
Fleksihus ser ut til å vere blant dei mest etablerte innan minihus, særleg p.g.a. levering av hardbustader.

25.6.25
Ny samtale, denne gong over Teams med dagleg leiar i Minihus Norge, som ga nyttig informasjon. Dette firmaet er ganske nystarta, men har ein del komande byggeprosjekt, bl.a. på Nøtterøy, Auli i Nes og i Eidsvoll. Dette skal det bli mogleg å sjå på og etter kvart høyre erfaringar frå dei som har flytta inn i husa. Har avtalt ny samtale på seinhausten når eit av prosjekta er ferdige.
Oppdatert 13.9.26: Har hatt litt kontakt om å få sjå på ferdige hus, som me ikkje har fått gjort enno. Det er satt opp nokon, medan andre bustadprosjekt, som Auli ser ut til å vere meir i det uvisse.

4.7.25
Nyttig samtale med eit entreprenørfirma frå Skarnes, GR-byggentreprenør, der eg viste ideane våre. Dei skal gje tilbod på heilskapen i prosjektet, veg, grunnmur, tilkoblingar, byggesøknad og kommunikasjon med kommunen, og eit overbygg over minihus m.m. Dei vil òg gje tilbod på sin variant av eit minihus.
25.7.26: Men dette kom aldri. Har ikkje høyrt meir frå selskapet.
















12.7.25
Har sendt epostar til ein del andre leverandørar, så me har noko å samanlikne med. Nokre av dei har svart, som er oppdatert i denne posten:

16.7.25
Blant dei som har svart, er Fiskarhedenvillan. Har hatt telefonsamtale og epostkorrespondanse med representant (i Kongsvinger). Forutan ein minihusmodell, har dei sendt utkast til ein nedskalert modell og tilbod som inkluderer bl.a. grunnmur. Meir detaljar i lenka over.

16.11.25
Hadde eit Teams-møte med ein som badde ein powerpoint-presentasjon og som er i ferd med å starte opp eit prosjekt med 30 kvm2 minihus med smarte møblar, som gjer det mogleg med fleirbruk av romma. Vedkomande vil vente med å publisere opplegget til det er meir på plass. Har lova å halde kontakt.
25.7.26 - Firmaet gjekk ut offentleg våren 26, heiter Famini, tilbyr 30 kvm2 og reklamerer med tre variantar med forskjellig høgde, der dei meiner at høgast hus gir meir lagringsplass og i praksis større buareal. Smart møblering blir demonstrert på nettsida, som er, etter det eg forstår ein del av heile pakken. https://famini.no/ . Dei inviterte til visning av smartmøblar sommaren 26, som me ikkje fekk tid til å sjå på.
 

Vidare framover:
Så då gjenstår det å få svar om møte med Sør-Odal kommune og avklaring på tomtefrådelinga. Dei har enno ikkje svart. Søknad om tomtefrådeling blei altså sendt i desember 2024. Har purra med sikker melding i januar, telefon i februar og epost 22.6.25. Ny purring sendt i epost 6.7.25.

Samtale med kommunen - sommaren 2026

Me hadde møte med ein representant frå plan, bygg og eigedom i kommunen den 14.7.26 om manglande avklaring på søknad om tomtefrådeling som b...