lørdag 15. mai 2021

Mange planar, lite ull

 


Det går i periodar med mange idear, utan at noko festar seg så langt.

Kanskje selje hytta i Trautskogen og kjøpe eit anneks til å ha i hagen? Slik at lydaktivitetar som musikk og film via surround ikkje forstyrrer andre? Og så flytte annekset som del av eit minihus til ei anna tomt seinare?

Men til nå har me ikkje fått prisen me vil ha for hytta. Og trass alt er det kjekt å ha ho. Kanskje vil me få endå meir nytte av ho seinare. Ei stund fabulerte me om å flytte til hytta og oppgradere ho til heilårsbustad. Me var endåtil i dialog med Nord-Odal kommune om det var mogleg. Det kan bli utfordrande i forhold til regelverket. Og så sneik det seg etter kvart inn ein skepsis til kor realistisk det var. 

Det er mogleg å arve ei tomt på Galterud. Ideen nå er å selje hus og bygge noko lite der. Men ikkje før alle små er ute av redet, har me bestemt oss for. Og det blir tidlegast om sju år, i 2028. Me kom til slutt fram til at me ikkje vil rive alle opp frå hus, miljø og skule berre for å realisere oss vaksne. Dessutan må me sjå korleis E39 blir bygd ut. Èi av traseane går rett over området i Galterud.

Sommaren 2020 teikna eg eit utkast ved hjelp av eit program. Hovudtanken er å lage eit buareal forma som ein hestesko. Fellesarealet på tvers, og kvart vårt hobbyrom/gjesterom på sida. I midten ein vinterhage med glastak. Det er ikkje så lett å sjå hesteskoen på teikninga, for teikninga ser ikkje særleg mini ut. Men tanken er å omkranse buarealet med garasje, ei vedfyrt badstove, vedbod og andre boder som eit ekstra vern mot vind, kulde og solvarme. Utvendig kan det dermed sjå ganske stort ut, medan det isolerte buarealet vil vera lite og bestå av tre mindre modular. Nokon har jo laga huset sitt inni eit svært drivhus for å verne seg ekstra mot naturkreftene. Noko liknande tenkjer me (eg), berre at vernet består av eit ytre lag av kaldloft og boder. Me tenkjer altså rimelegast mogleg modular satt saman på ein isolert grunnmur. Me (eg) tenkjer vidare eit stort pulttak på toppen av alt, vendt mot sør og dekka med solcellepanel, for å utnytte mest mogleg av takarealet til solcelleproduksjon.

Ideen er elles å ha ein bustad som kostar minst mogleg i miljøavtrykk og driftskostnad ved hjelp av lite (oppvarma) areal, mykje isolasjon og teknologi. Kanskje få til eit opplegg med offgrid, viss mogleg. Me (eller kanskje i stor grad eg) tenkjer komposttoalett, attvinning av gråvatn, grunnvarme, solfangarar, vedomn med slynge, vassboren golvvarme, attvinning av varme, attvinning av varmtvatn, smart varmtvannsbehaldar... 

Så var det å klare å produsere straum på kalde, mørke vintrar når me treng det mest. Solcellepanel er nemnd. Men det gir jo lite på vinteren. Vindmølle, liten vannturbin i bekk, som sikkert heller ikkje vil produsere særleg på vinteren. Straum frå vedomn: Varme kan jo gi straum? Det finnes noko på marknaden, små boksar å legge på vedomnen, men teknologien er lite utvikla og gir lite utbytte. Kanskje ein smart varmtvannsbehaldar kan gje noko. Ein stad såg me at nokon vil satse på ein kombinasjon av solfangarar og solcellepanel som kan bli interessant. Heimebatteri, kanskje ved hjelp av utrangerte elbilbatteri kan hjelpe til å lagre straum. Men det rekk truleg ikkje så langt på vinteren. Me køyrer elbil. Så kanskje såkalla V2G, vehicle to grid? Elbilen ladar seg ein annan stad, ved kjøp eller avtale med naboar e.l., og gir til huset når det trengst? Teknologien finst, men i skrivande stund er det ingen slike bilar på marknaden. 

Men vil all teknologien bli så dyr at det eigentleg ikkje svarer seg? Og kva viss teknologien slår seg vrang? Kan det bli store kostnader med vedlikehald og reparasjonar? Ein del på lista med idear må me sikkert fjerne, avhengig av kva budsjettet vil tole. Ideen med offgrid blir sikkert krevjande. Målet er i alle fall å klare dette utan meir lån.

Men inntil vidare: Mange tankar og lite ull.





Fyrste steg mot mini (eller maksi?)

  Nyinnkjøpt brakke skal brukast som anneks, og er på plass i hagen Så har me endeleg tatt steget mot noko som kan minne om mini. Etter ein ...