søndag 6. august 2023

Fyrste steg mot mini (eller maksi?)

 

Nyinnkjøpt brakke skal brukast som anneks, og er på plass i hagen

Så har me endeleg tatt steget mot noko som kan minne om mini. Etter ein del leiting på finn.no fekk me tak i ei rimeleg (41.000,- inkl. mva) og bra kontorbrakke som skal brukast som anneks og hobbyrom. Dermed blei dette ei mykje betre løysing enn å engasjere byggelevar på ein vidaregåande, som ville ha tatt mykje lenger tid og anslått å kosta over 100.000,- berre i material. 
Den nyinnkjøpte brakka er godt isolert og har alt som skal til for å fungere til sitt bruk. Elektrisitet, taklys, utvendige stikk og panelovnar er på plass. Så snart det er installert ei ytterdør, vidare engasjert ein elektrikar til å setje opp ein ny kurs og kabel fram til annekset, så er det klart til bruk.
Brakka, som er laga med stålramme, blei levert og satt på plass av leverandøren med kranbil. Det gjekk veldig raskt og greitt. På førehand hadde me gjort grunnen klar med fiberduk, laga eit fundament av pukk og sand og snekra ei ramme. Me fekk råd frå blant andre leverandør og ei trelastforretning til fundamentet og ramma. Ukyndige som me var, brukte me lang tid, men var til slutt ganske stolte av snekringa av ramma. Leverandøren leverte elles med nokre store gummiklossar til å ha mellom sand/fundament og ramme.
Innvendig har brakka to kontorrom, og ein gang i midten. Den er tenkt å brukast til eit musikkstudio, med instrument og diverse i eine rommet. I det andre rommet blir det tv og surroundanlegg, til film og spel. Med andre ord; alt som lagar mykje lyd skal over dit. I tillegg ligg det an til å drive med kontorarbeid og skriving i musikkrommet.
Annekset vil bli malt kvitt, som huset og garasjen. Det kan bli aktuelt å slå ut eine innerveggen, slik at det eine rommet blir større. Gangen i midten er det jo ikkje så mykje bruk for. På den andre sida er kanskje gangen stor nok som skriverom. Det kan opne for at fleire kan bruke annekset samstundes i kvar sine rom.

Brakka blei enkelt og greitt heist på plass med kranbil av leverandøren, på eigenlaga fundament og ramme.

Eit nytt "hus" fører med seg mykje grubling. Ting kostar gjerne meir og går alltid seinare enn forventa, særleg når me er amatørar i byggverda. Transport av anneks var ikkje så gale: 5.000,-. Pukk og sand kosta 1000,-. Material til ramma, inkludert skruar og vinkeljern kr. 3.700,- 

Så var det å gruble: Kva dimensjon måtte det bli på ramma, korleis transportere, korleis setje den saman? Kva type sand skulle me bruke til fundamentet? Me blei usikre på om den me kjøpte blei for fin, og at den kom til å bli vaska vekk i styrtregn og ekstremvær av type "Hans", som kom like etter at brakka var på plass (til nå har det gått bra). Den trong ei ny dør. Me leita etter billeg og brukt på finn.no. Men måla på opningen var litt uvanleg. Me fann til slutt ei brukt, men ganske ny, solid og tung ytterdør i Oslo, type Br. Johansson som ikkje var alt for billeg (3.250,- inkl. lås og slikt), men som såg ut til å passe. Og så må me sikre at me ikkje gjer noko feil, men monterer den på rett måte. Kjøpe lister, finne rette type skruar og slikt. Nye rundar med sjekking på internett, stille spørsmål, få råd og gå til nye innkjøp.

Når èin ting er på plass, dukkar det straks opp nye idear... og bekymringar. Ein liten vedovn hadde vore kjekt. Men for å få plass til den, bør me i alle fall slå ut minst èin innervegg. Og så bør me vel i tilfelle sjekke regelverk og tryggleik i forhold til ny eldstad. Kva med ein platting på framsida? Kva med eit skråtak over for å verne fasaden mot regn? Og dersom det blir gjort, kva med å lage ein vedsjå i forlenginga av skråtaket, på baksida?

Dette er altså eit steg mot å gå mini. Men eigentleg er det motsatt. Det er jo eit ekstra hus, ein auke som inneber meir i fyringsutgifter, meir å passe på, fleire eventuelle bekymringar og ikkje ei minimalisering og forenkling. På den andre sida er det ganske overkomeleg å flytte denne brakka ein gong og la den bli ein del av eit minihus. Eventuelt gir prosjektet verdifull erfaring fram mot eit minitilvære.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Fyrste steg mot mini (eller maksi?)

  Nyinnkjøpt brakke skal brukast som anneks, og er på plass i hagen Så har me endeleg tatt steget mot noko som kan minne om mini. Etter ein ...