Bank Norwegian
Betaling i butikk o.l. med kredittkort frå Bank Norwegian gir 0,5% såkalla "cashpoints" eller "cashback" for kvar transaksjon, som bl.a. kan brukast til flyreise med Norwegian seinare. Det er ingen avgift på kortet. Og så lenge heile det samla, uteståande beløpet i kortet blir betalt innan forfall kvar månad, er det ingen renteutgifter. Men: Viss ein brukar kortet til å betale ein faktura, eller overfører pengar til ein annan part, får ein ingen "cashpoints" og det vil i staden kome renteutgifter frå fyrste dag på dette beløpet, fram til betaling. I ein månad, etter å ha betalt nokre større faktura med kortet, blei eg f.eks. belasta med ei rente på over kr. 200,-, noko som et opp ein god del "cashpoints". Løysinga er å betale slike fakturaer eller overføringar med vipps, der kredittkortet er registrert som betalingskort. Då vil ein få både "cashpoints" og ingen renteutgift, verken frå vipps eller Bank Norwegian. (Vipps tar 1% dersom ein vippsar over kr. 5.000,- direkte til ein privatperson, men ikkje ved betaling av faktura.)
Coop Pay og Bank Norwegian
Betaling i Coop Extra m.fl. med Coop Pay i app og belastning av kredittkort frå Bank Norwegian gir både kjøpeutbytte i Coop og "cashpoints" frå Bank Norwegian.