Oppdatert 1.12.24:
Måtte flytte konstruksjonen slik at den har blitt slik:
Me klarte å få til flyttinga med god hjelp frå bonussvigerfar som stilte opp med gaffeltruck. Med forlenging vha to plankar og sikring med stropper, klarte me å flytte to doble båsar om gongen. Deretter skru det saman igjen, montere takplatene på nytt, setje på eit møne og bære veden tilbake på plass. Alt fekk me gjort på ei helg.
Før flyttinga blei denne teksten skrive:
Her er eit nytt innlegg som ikkje er heilt minihusrelatert, men likevel, på ein måte, er det likevel. Har utvida til endå eit nytt bygg, til heimen som ikkje er mini. Ein kald vinter i 23/24 gjorde eit djupt innhogg i vedlageret. Ny tilgang til kortreist ved i nabolaget (tre som folk vil ha vekk og ved som ligg igjen etter skogsdrift), alt dette fører til nye behov for vedskjul. Med det får eg trent meg opp til litt hobbysnekring, med tanke på framtidige miniplanar.
Gratis pallar frå Fenstad
Det viktigaste er å erfare kva ein kan få opp ved hjelp av gratis materiale. Søkte på Finn.no i sommar, og fann fram til over tjue gratis europallar i nabobygda. Eit par turar, så var dei henta med den vesle hengaren. Har elles ein del impregnert materiale etter eit gjerde ståande bak garasjen. Den materialen blei henta, med ein god del hjelp, frå ein skule i Lørenskog for mange år sidan.
Byggestart
Har gjort det enkelt. Berre lagt ut nokre plankar og klossar på grusen, prøvd å halde det i vater, og så brukt pallane til golv og vegger.
Er ikkje noko flink til å lage byggeteikningar. Prøver meg berre fram. Oppdagar feil og manglar undervegs, og improviserer for å rette opp. Har gjort mitt beste med vatringa. Pallane er ikkje nødvendigvis nøyaktige konstruksjonar, så måtte justere og improvisere endå meir. Det fine med pallar, er likevel at dei skaper eit fundament å jobbe ut frå. Det blir lettare å sjå korleis det kan bli, og dei skaper ei ramme.
Eksempel 1 på improvisasjon
Det tar ganske lang tid. Står og tenkjer, klør meg i hovudet, smårettar på ting, tenkjer meir.
Men til slutt blei eg ganske nøgd. Vedskjulet blei i grunnen ganske solid.
Det einaste som har kosta, er plasttak frå Jem og Fix, beslag og skruar. Det blei vel ein 2-3000,- til saman. Plasttaket valte eg fordi eg trur det vil bidra litt meir til soltørking av veden. Dessutan kondenserer det meir frå ståltak når det er temperaturskifte, slik at vatn dryp ned på veden. Til sist er plasttak rimelegare. Ulempa er at denne type plasttak ikkje er så veldig haldbare i lengda. Ikkje er det så miljøvennleg heller. Men alt i alt trur eg ikkje det er store "fotavtrykket" på denne sjåen.
Kona meinte at eg burde ha satt opp skråtaket andre vegen, slik at regn og snø ikkje kjem ned på gardsplassen. Ho har nok rett i at det ikkje blir mindre snømåking framover. Og det er muligens ikkje heilt gunstig at vatn frå taket samlar seg på gardsplassen. Men nedbør står mest inn frå vest, slik at eg trur ein stor opning frå den kanten kan gjere veden meir utsatt frå nedbøren. Dessutan trur eg det ville rent meir vatn inn under pallane, viss eg lot vatnet renne bak sjåen. Likevel kan det hende at eg må vurdere takrenner på vestsida og eit form for mønebeslag på austsida for å halde regnet endå meir unna.
Denne vedsjåen er særleg tenkt å bli brukt til mellomlagring av uferdig ved. Med denne kan eg ha stokkane lagra tørt, og kappe og kløyve dei frå den store opninga på baksida når eg har tid. Tidlegare har det vore eit stress å bli ferdig med store vedhaugar som har lege ubeskytta mot regn.
Vurderer òg å pynte litt med ekstra plank og maling til våren. For når ein trur at ein har avslutta eit slikt prosjekt, byrjar nye grublingar, hovudkløing og smårettingar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar