Me hadde møte med ein representant frå plan, bygg og eigedom i kommunen den 14.7.26 om manglande avklaring på søknad om tomtefrådeling som blei sendt i desember 2024, og manglande svar på ei rekke purringar sendt i 2025.
Kommunen har tidlegare sendt ei bekrefting på at søknaden blei mottatt, men kan i følgje saksbehandlaren ikkje finne søknadspapira som dei tidlegare har registrert. Representanten innrømma at feilen ligg hos kommunen, beklaga manglande kommunikasjon og at ingenting har skjedd. Det er lova at dei skal leite og finne ei avklaring om papira, og gje ei tilbakemelding. Dersom dei ikkje finn dette, må me truleg sende søknaden på nytt.
Kommunen skreiv på nettsida i september 2025 at dei har "slitt med sykefravær det siste året", men at dei styrkar saksbehandlinga. "Saksbehandlingstiden iht Plan- og bygningsloven er inntil 12 uker, men vi bruker dessverre lenger tid på en del saker slik situasjonen er nå. Søker får et midlertidig svar om estimert saksbehandlingstid og ofte har vi dialog med søkerne som venter på svar i tillegg." For vår del har me ikkje oppnådd nokon som helst skriftleg dialog med kommunen trass i ei rekkje purringar.