fredag 29. desember 2017

Møte om minilandsby

28.12.17

Eg sende ein ny epost til kommunen med spørsmål om området rundt den framtidige økolandsbyen. Men denne gong ser det ut til å drøye med å få svar.

Så kom det ei melding frå nokon som hadde sett notisa i lokalavisa. Og som tipsa ein som har litt planar om ein minihuslandsby på småbruket sitt. Og like etter kom ei melding frå den karen i midten av desember.
Me avtalte å møtast. Og møttest i romjula. Det er ein som har mange jarn i elden og mange gode idear. Han dyrkar økologiske frø og planter. Og vurderer å gi plass til 3-4 minihus på hjul langs skogravinen på småbruket. Nokre veker tidlegare møtte han nokon i Oslo som snart får eit slikt minihus og som leitar etter ein stad å sette den opp.
Me avtalte å halda kontakt og sjå kva erfaringar andre gjer.

mandag 4. desember 2017

Kanskje ei tomt

4. desember 2017

Me sendte ut nokre epostar og meldingar til grunneigarar. Men få har svart. Ein sendte "tommel ned".
Så fekk me kontakt med ein som har idear til eit liknande buprosjekt, ein økolandsby. Og som eig ein del jord. Såg han i avisa ein dag. Han ville møta og snakka. Så me møtte og snakka.
Me vil helst etablere oss litt utanfor prosjektet hans. Er litt sære der. Vil gjerne ha litt ro og avstand. Og me er veldig besnæra av ideen om "off-grid". Ikkje bu midt i eit bustadfelt. Så går det an å etablere minihuset i eit skogsfelt bortanfor? Det må me sjekke med kommunen igjen fyrst. Skogseigaren skal på si side tenkje litt på det.

Ganske positiv kommune

25. oktober 2017

Kommunen er faktisk ganske positiv. Å etablere eit minihus som er såkalla "off-grid", altså ikkje tilknytt offentleg regulerte bustadområde er lettast å gjennomføre i kommunen sine LNF-område (landbruk, natur, friluft) der det er tillate med spreidd bustadbygging. "Kommunen er ikkje negativ til nye løysingar. Nye løysingar er alltid interessante", skreiv dei. Det verka lovande.
Overraskande resulterte spørsmåla våre til at lokalavisa skreiv litt om oss. Me vart litt urolege over at lause idear brått var offentlege. Men, men...

Ideen er født

Ein gong i september 2017

Ideen blei født rundt frokostbordet ein morgon.
Kva med å kjøpe eit minihus? Eit lite containerhus eller modulhus for familie på to vaksne og eitt til to barn? Som kanskje òg kan vera "off-grid"? Altså få eigen straum ved hjelp av solceller og eventuelt andre energikjelder. Attvinne mest mogleg avfall. Bruke komposteringstoalett. Attvinne gråvatn.
Alt dette for å få vekk bustadlån, redusere bukostnader, bu enklare, rimelegare, ikkje vere så avhengig av full jobb, få meir tid til aktivitetar som ikkje gir sikre inntekter, som skriving, musikk og biletkunst. Få meir tid til familien. Få eit liv med mindre stress.

Ja, korleis kunne me fått til det?
Ideen var fyrst å bruke hytta. Men det slo me frå oss etterkvart. For mykje ombygging og byråkrati. Og vegen opp til hytta er lite høveleg til heilårsbruk, halde rein for snø osv.
Så heller å bygge opp frå grunnen?

Me byrja å sjekke internett. Mange spanande containerhus og modulhus. YouTube og finn.no. Nokre få aktørar finnest i Noreg òg. Hus på hjul ser òg fint ut. Men me har for tida orientert oss mest rundt modul, som òg er flyttbart. Det ser ut til at det er lettast å tilpasse Tek 17.

Ja, det hadde vore noko.

Fyrste steg mot mini (eller maksi?)

  Nyinnkjøpt brakke skal brukast som anneks, og er på plass i hagen Så har me endeleg tatt steget mot noko som kan minne om mini. Etter ein ...