Veldig uferdig og raskt utforma skisse til hus.
Torsdag 26.9.2024 hadde me eit svært oppløftande møte med Sør-Odal kommune, som gjer at me har kome oss eit godt stykke framover i minihusplanane våre.
På møtet blei det avklart at den aktuelle tomta på Galterud er regulert innanfor kategorien "spredt bebyggelse", og at søknad om frådeling av tomt og byggeløyve er godt overkomeleg.
Det einaste me blei råda til, er å få sendt søknad om frådeling i dette kalenderåret, fordi kommunen startar med nye reguleringar neste år.
Dersom tomta er registrert, skal det gå greitt å gå i gong med bygging om 2-3-4 opptil 5 år seinare, etter det me forstod.
Etter å ha vist og forklart skisse til hus, fekk me òg forståing for at ein slik ide er godt overkomeleg.
Endå meir uferdig skisse, av hovudfasaden mot vest (med kaffeflekk).
Me har ein ganske omfangsrik idè. Og det kan godt hende at budsjettet tilseier at me må skjære ein del ned her og der. Men dersom me skulle få alt til, er ideen å lage eit minihus med tre modular: Èin fellesmodul med soverom, stove/kjøkken og bad på omlag 35 kvm og to modular til kvar våre hobbyaktivitetar/gjesterom på 10 kvm kvar, og at desse tre modulane er forma som ein hestesko. I mellom hesteskoen er det tenkt å ha ein vinterhage som er hovudinngang til huset. Vinterhagen kan fungere som drivhus, me kan ha ein grillovn e.l. og ha ein stad å vere særleg om hausten og tidleg vår.
Me er ganske inspirert av svenske "hus i drivhus". Ved å vere inne i eit drivhus, er desse husa beskytta mot vær og vind, og varmesesongen blir forlenga. Dei skal visstnok ha metodar for å unngå at det blir for varmt og fuktig, med system for lufting. Nokon har blant anna nokre lufterøyr gravd ned i jorda som kjem opp i drivhuset, som tilfører varmare luft om vinteren og kaldare om sommaren. Dét, i tillegg til lufteluker i glastaket, kan vere idear som me òg kan bruke. Me kan muligens òg ha ein form for persienne å dra over glastaket på ekstra varme dagar. Og sjølvsagt kunne opne heilt opp med skyvedører ved hovudinngangen.
Ein annan inspirasjon til ei slik løysing, er dei gamle, kvenske smågardane i Aust Finnmark. Då kvenane busette seg i nord, bygde dei ofte eit fjøs inntil nordveggen på huset. Slik ga fjøset litt ekstra ly mot nordavinden.
Og i staden for å ha all ytterside i glas, er vår variant å kle yttersida av hesteskoen med endå fleire modular, evt. ein slags yttergang utanfor bumodulane; altså utvendige kaldrom som garasje, boder, teknisk rom, vedfyrt badstu, vedsjå, muligens vaskerom m.m. Til slutt å legge eit skråtak over alt, anten eit pulttak, vanleg saltak eller ein variant i mellom. På den eine sida er det behov for størst mogleg takflate mot sør, til solcellepanel, som pulttak kan ivareta. På den andre sida bør taket vere så bratt som mogleg, slik at snø kan skli av, som er enklast å få til med saltak. Garasje og teknisk rom bør vere i brannhemmande materiale, leca e.l. Vidare er tanken å kle dei ytste fasadane i materiale som ikkje krev vedlikehald, f.eks. aluminiumsplater. Loftsarealet er òg tenkt å vere eit ikkje-oppvarma areale, der deler av taket, det som er over vinterhagen er av glas. Loftsarealet kan kanskje òg bli brukt til noko av det som er nemnd, som ein badstumodul, eit opphaldsareale å sitje på når det høver i forhold til temperatur, til lager e.a., dersom det er plass og konstruksjonen tåler det.
Det er mange ting å tenkje på undervegs, som me diskuterer. Det er mykje snø i området om vinteren. Og med dei utvendige bodene; Blir det då behov for veldig mykje snømåking rundt heile huset, for å sikre tilgang til bodene? Kanskje det då bør vere gjennomgangsdører frå den eine boden til den andre, evt. ekstra langt takutspring til å gå under om vinteren.
Ved å kle inn dei tre bumodulane med kaldloft og kaldrom, har bumodulane i alle fall fått eit ekstra lag med vern mot både varme og kulde.
Me håpar på å ha ein haug med løysingar som bidrar til låge buutgifter. Solcellepanel til eigen straumproduksjon, husbatteri, smartløysingar i forhold til fordeling av straumproduksjonen, solfangarar, grunnvarme, vassboren golvvarme, vedfyring med slynge kobla til varmtvasstank og golvvarmen, attvinning av gråvatn, muligens attvinning av varmtvatn, eit minihus kan krevje ei god form for lufting, gjerne ei enkel løysing som dei har i såkalla aktivhus... Det kjem kanskje meir på lista etter kvart, men blir til slutt avhengig av kva me har råd å investere i.
Det kan bli snakk om ei tomt på to mål. Den ekstra plassen kan brukast til diverse dyrking, som frukttre, bærbuskar, grønnsakshage, ein liten kaningard... (det siste må det truleg forhandlast om her og der).
Så nå blir det truleg søknad om frådeling av tomt i 2024. På sikt må me selje huset me bur i nå, for å ha kapital til nytt. Det blir òg ein prosess. Vidare ha ein stad å bu midlertidig. Hytta kan då bli aktuell. Eller kanskje eit lite krypinn på hjul. Og så finne ein entreprenør e.l. som kan hjelpe oss med heile prosessen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar