lørdag 15. mai 2021

Mange planar, lite ull

 


Det går i periodar med mange idear, utan at noko festar seg så langt.

Kanskje selje hytta i Trautskogen og kjøpe eit anneks til å ha i hagen? Slik at lydaktivitetar som musikk og film via surround ikkje forstyrrer andre? Og så flytte annekset som del av eit minihus til ei anna tomt seinare?

Men til nå har me ikkje fått prisen me vil ha for hytta. Og trass alt er det kjekt å ha ho. Kanskje vil me få endå meir nytte av ho seinare. Ei stund fabulerte me om å flytte til hytta og oppgradere ho til heilårsbustad. Me var endåtil i dialog med Nord-Odal kommune om det var mogleg. Det kan bli utfordrande i forhold til regelverket. Og så sneik det seg etter kvart inn ein skepsis til kor realistisk det var. 

Det er mogleg å arve ei tomt på Galterud. Ideen nå er å selje hus og bygge noko lite der. Men ikkje før alle små er ute av redet, har me bestemt oss for. Og det blir tidlegast om sju år, i 2028. Me kom til slutt fram til at me ikkje vil rive alle opp frå hus, miljø og skule berre for å realisere oss vaksne. Dessutan må me sjå korleis E39 blir bygd ut. Èi av traseane går rett over området i Galterud.

Sommaren 2020 teikna eg eit utkast ved hjelp av eit program. Hovudtanken er å lage eit buareal forma som ein hestesko. Fellesarealet på tvers, og kvart vårt hobbyrom/gjesterom på sida. I midten ein vinterhage med glastak. Det er ikkje så lett å sjå hesteskoen på teikninga, for teikninga ser ikkje særleg mini ut. Men tanken er å omkranse buarealet med garasje, ei vedfyrt badstove, vedbod og andre boder som eit ekstra vern mot vind, kulde og solvarme. Utvendig kan det dermed sjå ganske stort ut, medan det isolerte buarealet vil vera lite og bestå av tre mindre modular. Nokon har jo laga huset sitt inni eit svært drivhus for å verne seg ekstra mot naturkreftene. Noko liknande tenkjer me (eg), berre at vernet består av eit ytre lag av kaldloft og boder. Me tenkjer altså rimelegast mogleg modular satt saman på ein isolert grunnmur. Me (eg) tenkjer vidare eit stort pulttak på toppen av alt, vendt mot sør og dekka med solcellepanel, for å utnytte mest mogleg av takarealet til solcelleproduksjon.

Ideen er elles å ha ein bustad som kostar minst mogleg i miljøavtrykk og driftskostnad ved hjelp av lite (oppvarma) areal, mykje isolasjon og teknologi. Kanskje få til eit opplegg med offgrid, viss mogleg. Me (eller kanskje i stor grad eg) tenkjer komposttoalett, attvinning av gråvatn, grunnvarme, solfangarar, vedomn med slynge, vassboren golvvarme, attvinning av varme, attvinning av varmtvatn, smart varmtvannsbehaldar... 

Så var det å klare å produsere straum på kalde, mørke vintrar når me treng det mest. Solcellepanel er nemnd. Men det gir jo lite på vinteren. Vindmølle, liten vannturbin i bekk, som sikkert heller ikkje vil produsere særleg på vinteren. Straum frå vedomn: Varme kan jo gi straum? Det finnes noko på marknaden, små boksar å legge på vedomnen, men teknologien er lite utvikla og gir lite utbytte. Kanskje ein smart varmtvannsbehaldar kan gje noko. Ein stad såg me at nokon vil satse på ein kombinasjon av solfangarar og solcellepanel som kan bli interessant. Heimebatteri, kanskje ved hjelp av utrangerte elbilbatteri kan hjelpe til å lagre straum. Men det rekk truleg ikkje så langt på vinteren. Me køyrer elbil. Så kanskje såkalla V2G, vehicle to grid? Elbilen ladar seg ein annan stad, ved kjøp eller avtale med naboar e.l., og gir til huset når det trengst? Teknologien finst, men i skrivande stund er det ingen slike bilar på marknaden. 

Men vil all teknologien bli så dyr at det eigentleg ikkje svarer seg? Og kva viss teknologien slår seg vrang? Kan det bli store kostnader med vedlikehald og reparasjonar? Ein del på lista med idear må me sikkert fjerne, avhengig av kva budsjettet vil tole. Ideen med offgrid blir sikkert krevjande. Målet er i alle fall å klare dette utan meir lån.

Men inntil vidare: Mange tankar og lite ull.





torsdag 13. september 2018

Tja. Heime? Eller på is?

Ei stund har me tenkt at det lettaste ser ut til å vere å ha eit mindre hus, eit anneks på eiga tomt. Kanskje leige ut hovudhuset. Å få tak i ei dedikert tomt til føremålet, i nærmiljøet, som me helst vil eige sjølv, har vore lite fruktbart.
Men kva type mindre hus? Container-hus? Modulhus? Mikro eller minihus på hjul?

Den rimelegaste varianten eg har sett til nå, er eit hus på hjul som ein kar på Sunnmøre sel. 32 kvm til 360.000,-, klar til å plugge i og med alt nødvendig inventar, til og med møblar. Eller den minste varianten på omlag 15 kvm til 160.000 kr.
Husa har tilhengarfeste, men er etter det forstår for breie og store til å fraktast ut på trafikert veg med bil. Så dei vil vel ikkje vere så veldig mobile. Men til å ha ståande på ei tomt burde gå bra.
Andre produsentar er gjerne oppe i 600-800.000 kroner.

Men. Å flytte ut i eit minihus er eit stort steg. Og litt kalde føter har spreidd seg her og der. Så me får sjå. Dersom me får råd, kanskje starte med å ha eit lite anneks i hagen til akkurat det føremålet, inntil vidare som eit anneks.

fredag 29. desember 2017

Møte om minilandsby

28.12.17

Eg sende ein ny epost til kommunen med spørsmål om området rundt den framtidige økolandsbyen. Men denne gong ser det ut til å drøye med å få svar.

Så kom det ei melding frå nokon som hadde sett notisa i lokalavisa. Og som tipsa ein som har litt planar om ein minihuslandsby på småbruket sitt. Og like etter kom ei melding frå den karen i midten av desember.
Me avtalte å møtast. Og møttest i romjula. Det er ein som har mange jarn i elden og mange gode idear. Han dyrkar økologiske frø og planter. Og vurderer å gi plass til 3-4 minihus på hjul langs skogravinen på småbruket. Nokre veker tidlegare møtte han nokon i Oslo som snart får eit slikt minihus og som leitar etter ein stad å sette den opp.
Me avtalte å halda kontakt og sjå kva erfaringar andre gjer.

mandag 4. desember 2017

Kanskje ei tomt

4. desember 2017

Me sendte ut nokre epostar og meldingar til grunneigarar. Men få har svart. Ein sendte "tommel ned".
Så fekk me kontakt med ein som har idear til eit liknande buprosjekt, ein økolandsby. Og som eig ein del jord. Såg han i avisa ein dag. Han ville møta og snakka. Så me møtte og snakka.
Me vil helst etablere oss litt utanfor prosjektet hans. Er litt sære der. Vil gjerne ha litt ro og avstand. Og me er veldig besnæra av ideen om "off-grid". Ikkje bu midt i eit bustadfelt. Så går det an å etablere minihuset i eit skogsfelt bortanfor? Det må me sjekke med kommunen igjen fyrst. Skogseigaren skal på si side tenkje litt på det.

Ganske positiv kommune

25. oktober 2017

Kommunen er faktisk ganske positiv. Å etablere eit minihus som er såkalla "off-grid", altså ikkje tilknytt offentleg regulerte bustadområde er lettast å gjennomføre i kommunen sine LNF-område (landbruk, natur, friluft) der det er tillate med spreidd bustadbygging. "Kommunen er ikkje negativ til nye løysingar. Nye løysingar er alltid interessante", skreiv dei. Det verka lovande.
Overraskande resulterte spørsmåla våre til at lokalavisa skreiv litt om oss. Me vart litt urolege over at lause idear brått var offentlege. Men, men...

Ideen er født

Ein gong i september 2017

Ideen blei født rundt frokostbordet ein morgon.
Kva med å kjøpe eit minihus? Eit lite containerhus eller modulhus for familie på to vaksne og eitt til to barn? Som kanskje òg kan vera "off-grid"? Altså få eigen straum ved hjelp av solceller og eventuelt andre energikjelder. Attvinne mest mogleg avfall. Bruke komposteringstoalett. Attvinne gråvatn.
Alt dette for å få vekk bustadlån, redusere bukostnader, bu enklare, rimelegare, ikkje vere så avhengig av full jobb, få meir tid til aktivitetar som ikkje gir sikre inntekter, som skriving, musikk og biletkunst. Få meir tid til familien. Få eit liv med mindre stress.

Ja, korleis kunne me fått til det?
Ideen var fyrst å bruke hytta. Men det slo me frå oss etterkvart. For mykje ombygging og byråkrati. Og vegen opp til hytta er lite høveleg til heilårsbruk, halde rein for snø osv.
Så heller å bygge opp frå grunnen?

Me byrja å sjekke internett. Mange spanande containerhus og modulhus. YouTube og finn.no. Nokre få aktørar finnest i Noreg òg. Hus på hjul ser òg fint ut. Men me har for tida orientert oss mest rundt modul, som òg er flyttbart. Det ser ut til at det er lettast å tilpasse Tek 17.

Ja, det hadde vore noko.

Samtale med leverandørar og andre - sommaren 2025

  Heising av kommunal minibustad i Noresund Publisert  -24.6.25: Møte med Fleksihus  Oppdatert  -25.6.25:  Møte med Minihus Norge -4.7.25: M...