Heising av kommunal minibustad i Noresund
Publisert
-24.6.25: Møte med Fleksihus
Oppdatert
-25.6.25: Møte med Minihus Norge
-4.7.25: Møte med lokal entreprenør: GR Byggentreprenør, Skarnes
-12.7.25: Epostar til andre leverandørar
-16.7.25: Samtale med Fiskarhedenvillan
24.6.25
Så fekk me hatt vår fyrste samtale med ein av minihusleverandørane; Fleksihus. Me drog til Noresund ein tysdags føremiddag, der dei leverte nokre kommunale bustader på omlag 40 kvm per stk.
Me fekk eit visst inntrykk av arealet i eit slikt minihus, og leiaren i selskapet tok seg tid til ein prat, mellom kranarbeidet. Fleksihus er godt etablert med mange leveransar til både kommunar og private. Så forfjamsa vart me at me gløymde heilt å ta nærare bilete. Me fekk berre tatt eit raskt eit på avstand då møtet var ferdig og siste modul blei heist på plass i Noresund.
Men Fleksihus har lagt ut ein del bilete sjølv frå arbeidet, på Facebook:
25.6.25
Ny samtale, denne gong over Teams med dagleg leiar i Minihus Norge, som ga nyttig informasjon. Dette firmaet er ganske nystarta, men har ein del komande byggeprosjekt, bl.a. på Nøtterøy, Auli i Nes og i Eidsvoll. Dette skal det bli mogleg å sjå på og etter kvart høyre erfaringar frå dei som har flytta inn i husa. Har avtalt ny samtale på seinhausten når eit av prosjekta er ferdige.
4.7.25
Nyttig samtale med eit entreprenørfirma frå Skarnes, GR-byggentreprenør, der eg viste ideane våre. Dei skal gje tilbod på heilskapen i prosjektet, veg, grunnmur, tilkoblingar, byggesøknad og kommunikasjon med kommunen, og eit overbygg over minihus m.m. Dei vil òg gje tilbod på sin variant av eit minihus.
12.7.25
Har sendt epostar til ein del andre leverandørar, så me har noko å samanlikne med. Nokre av dei har svart, som er oppdatert i denne posten:
16.7.25
Blant dei som har svart, er Fiskarhedenvillan. Har hatt telefonsamtale og epostkorrespondanse med representant (i Kongsvinger). Forutan ein minihusmodell, har dei sendt utkast til ein nedskalert modell og tilbod som inkluderer bl.a. grunnmur. Meir detaljar i lenka over.
Vidare framover:
Så då gjenstår det å få svar om møte med Sør-Odal kommune og avklaring på tomtefrådelinga. Dei har enno ikkje svart. Søknad om tomtefrådeling blei altså sendt i desember 2024. Har purra med sikker melding i januar, telefon i februar og epost 22.6.25. Ny purring sendt i epost 6.7.25.