tirsdag 21. januar 2025

Notatar

Oppretta 21.1.25, 

endra 6.2.25, 19.2.25, 15.3.25, 6.7.25, 17.7.25, 18.7.25, 31.7.25, 1.8.25


Nokre fleire teikningar og skisser

Denne gir ein peikepinn på storleik av tomt og hus.


Dette er eit alternativ til hesteskoforma, som kan passe betre til det nokre av tilbydarane har moglegheiter til.


14.7.25
Endå ei teikning, retning V-N-Ø-S. Dette blir kanskje maks plassutnytting med 4 x 13,5 buareal, to anneks, dobbel garasje, pluss overbygg (dersom det blir laga overbygg, vil det vel ikkje vere behov for garasje i tillegg, men teikninga gir ein peikepinn på storleiken). Med innteikning av der vatn, avlaup og elektrisitet omlag må klargjerast, og aktuelle stader å gjere klar for åker og plante hekk, frukttre o.l. Sjølve bukomplekset er her teikna i midten av tomta. Kanskje det kan plasserast lenger ned mot venstre, i sørvest, for å spare plass til innkjørsel og utgraving til el, vatn og avløp? Alternativ for veg er anten rundt huset til svigermor i sør (som blir ganske langt), eller inn i det sørvestlege hjørnet?

18.7.25
...og endå ei tekning, av hesteskomodellen, basert på denne: https://www.minihus.no/vare-modeller/mikkel, her med eit overbygg, som evt. kanskje blir på omlag 12 x 15 m, denne gong med plass til bil tilsvarandre enkel garasje i breidda.



Noko i retning av alternativ til overbygg, dersom det var større?

https://www.finn.no/bap/webstore/ad.html?finnkode=303692782

Eller denne? Er ikkje sikker, men kan verke som at dei kan levere eit type overbygg.

https://no.prefa.com/



Førebelse, aktuelle tilbydarar

Fleksihus - Har hatt epostkorrespondanse og avtalte møte som blei haldt 25.6.25. Har tidlegare sett på modellen "Lifjell", men dei kan tilpasse alle variantar.

Minihus Norge - Byggeprosjekt i bustadfelt i bl.a. Eidsvoll og på Auli i Nes, kontor Oslo - Møte 26.6.25

Enkelrum - Kontor i Noreg, produksjonslokale i Sverige - epostkorrespondanse 5.11.24, ny epost sendt 11.7.25

Fiskarhedenvillan - Arkitektteikna kvadratisk minihus, frå Rogaland, kontor i Kongsvinger  - epost sendt 12.7.25, besvart 14.7.25, telefonsamtale og ein del epostkorrespondanse etterpå. Selskapet har miminhusmodellen "MiniSuites". Men repr. frå Kongsvinger har i tillegg sendt forslag til utkast, ein forminska variant av modellen "Lommen".

Vestfold Minihus  - Epost sendt 11.7.25, besvart 16.7.25

Boligverket - Tidlegare "De små hus", som er slått saman med svenske "Husverket". Tidlegare ga dei ikkje svar på epost, men ga våren 25 lyd frå seg i form av ein masseutsendt epost. - epost sendt 11.7.25. Besvart 1.8.25. Tilbyr full pakke, hjelp frå arktitekt, kommunesøknad, oversiktleg på nettsida om kostnad og tilval. Anbefaler modellen "Pulpet", 50 kvm, frå 1.84 mill. nøkkelferdig, eller 40 kvm 1,5 mill. Kan leverast klargjort for vannbåren golvvarme.

Bohus-villan  - epost sendt 11.7.25 - besvart 13.7.25. Dei foreslår bl.a. "Modern Smart Villa", 50 + 30 + 15 kvm bod,  innreda til 2.7 mill.

Norske smaahus (obs; nettsida nede 11.7.25. Men svarer via FB) - epost sendt 11.7.25

Grønt Mikrohus - firma frå Hamar, annonserer èin modell, 30 kvm. - epost sendt 12.7.25

Småbo - epost sendt 13.7.25, skriv at dei har løysingar ift overbygg. Førebels svar 17.7.25


Andre utg.,  prioriteringar

(I prioritert rekkefølge. Og noko må kanskje prioriterast vekk, avh. av budsjett...)

-Grunnmur, veg, tilknyting,

-garasje eller carport (evt. overbygg),

-anneks (evt. hobbyrom som del av huset),

-vedfyrt badstove,

-solceller,

-Overbygg: Ytre tak og veggfasade, vinterhage, boder,

-vassboren golvvarme, solfangarar, vedomn med vasskappe, grunnvarme,

-husbatteri,

-regnvatnsamlarar,

-utedo (…!)




Samtale med leverandørar og andre - sommaren 2025

  Heising av kommunal minibustad i Noresund Publisert  -24.6.25: Møte med Fleksihus  Oppdatert  -25.6.25:  Møte med Minihus Norge -4.7.25: M...