Publisert 9.12.24, oppdatert 17.2.25
Søknad om tomtefrådeling av ei omlag to mål stor tomt på Galterud, med alle nødvendige nabovarslar, er sendt til kommunen.
I tillegg har me søkt om rett til trafikk og forlenging av veg, som blei ganske raskt behandla, og innvilga i Statens Vegvesen.
Reknar med at søknad om tomtefrådeling blir godkjend. Så då opnar det seg for å kunne søke om oppsetting av bygg når me er klare for det ein gong i framtida.
17.2.25:
...men så vart det stille. P.g.a. låg bemanning i kommunen er søknaden per dags dato enno ikkje behandla, sjølv i god etter svarfrist. Snakka med dei seinast i dag, men dei kunne ikkje anna enn å beklage sein behandlingstid. Så då får me sjå.